Som vanleg var Ane svolten fordi ho ikkje hadde ete middag. Dette ordna Line med å servere fylte squash til jentene i BLÅ|mandag. Helene hadde høyrt rykter om at Ane og Mariell var fulle på Sondre Lerche i helga, og Mariell snekra saman ein liten stemningsrapport frå konserten. Helene likar seg som kvissmaster og i denne sendinga fekk jentene ein Påskekviss! Mariell skal opptre på Open Mic torsdag og vi får høyre "Vegen til Open Mic Del 2". Til slutt får du høyre Mariell og Ane sin generalprøve!